Eit gledande syn

6. januar 2010

Dette var plakaten som traff meg då eg var innom den lokale Prix-butikken i går. Det var eit gledande syn. Ikkje fordi dei har brote alkohollova, altså. Men fordi brotet fekk konsekvensar.

Skuffande, Ingvild!

16. desember 2009
av Øyvind

I dag skriv VG om at Ingerid Stenvold får lov å bruke si eiga dialekt når ho snart vert programleiar i Dagsrevyen. Noko som vekkjer harme blant dei andre nyheitsankarane i Dagsrevyen.

Blant desse finn me Ingvild Bryn. Ho er måldame og kontaktperson for nynorsk i NRK, i tillegg til å vere nyheitsankar, altså. Ho seier:

- Jeg støtter det som alltid har vært NRK sitt regelverk når det gjelder språk, nemlig at programledere i riksdekkende nyhetssendinger skal bruke normalisert nynorsk eller bokmål.

Ho seier óg at ho skulle ynskje at fleire i Dagsrevyen nytta nynorsk. Men kvifor skal programleiarane påleggjast å måtte nytte eit for dei unaturleg språk? Her er det altså snakk om munnleg språk, ikkje skriftleg; hadde det vore snakk om skriftleg, hadde det vore sjølvsagt at det skulle nyttast normalisert bokmål eller nynorsk.

Men når det gjeld munnleg språk, har eg ei anna innstilling. Norsk målungdom har slagordet “Snakk dialekt – skriv nynorsk”. Dette er eit slagord eg liker. Kvifor skal ikkje dette óg gjelde for programleiarane på tv? Eg forstår at folk nyttar argument om forståing, og at enkelte dialekter kan vere vanskeleg å forstå. Men kan ikkje utbreidd bruk av dialekt føre til at folk forstår andre dialekter betre? Eg trur det, og eg trur det er smart å godta dialektbruk i NRK.

At Ingvild Bryn skuffar meg, det er sant. Men det gjer óg Nina Owing, men ho er ikkje like krass i kritikken, og har tiltru til at leiinga gjer det rett. Det har eg óg. Dialektane må løftast fram, og Noreg skal vere stolte av mangfaldet av dialekter!

Hei!

12. desember 2009
av Øyvind

No er det lengje sidan sist eg skreiv noko her. Grunnen er ikkje at det ikkje har skjedd noko. Tvert imot – det har skjedd masse! Eg har berre ikkje hatt lyst og inspirasjon til å bruke bloggen. Om eg har det no? Tja, eg er ikkje sikker.

Sidan sist har eg starta arbeidet med Experience 2010 – ACTIVE Europe sin sumarleir neste år. Eg har vore med å laga to flotte nummer av MOTIV. Eg har lært meg Access og Photoshop. Me har pussa opp store delar av leiligheita. Eg har prøvd å bruke tid på skule. Eg har jobba litt med AUF (sjølv om det diverre ikkje har vore så veldig mykje i den siste tida). Derimot har eg jobba ein god del med Juvente.

Også har Obama vore i Noreg, då. Det vil seie – han var her torsdag. Eg såg han rett nok berre på tv, men eg synst likevel det var stas at han var her. Og eg har vorte meir overbevist om at fredsprisen var fortent. Det var eg ikkje heilt overbevist om i forkant. Så sånn sett passar eg godt inn i skildringa til Are Kalvø:

Aldri før har så mange latt seg begeistre så mykje så fort og så plutselig som heile Norge gjorde då Obama landa på Gardermoen.

Fram til Obama kom, var absolutt alt feil. Etterpå var absolutt alt fantastisk.

Heldigvis er eg ikkje åleina om å vere Obama-fan.

Forresten, torsdag sendte eg nokre julegåvar, og eg er positivt overraska over kor raskt Posten Noreg leverar! Pakkar sendt frå Harstad torsdag ettermiddag, var framme i Sørreisa og Lyngen fredag. Kudos! Og eg vonar (og trur) dei sett pris på å få pakke i posten. Det seier i alle fall Kine:

Jeg fikk gave av deg i dag, du aner ikke, det lyste opp dagen min. (…) jeg trengte en god overraskelse, så så jeg at jeg hadde fått pakke i posten, og bla så utrolig glad. Tusen takk. Nå føler jeg meg slem som ikke kjøpte noe til deg.. Får finne noe i bursdagsgave til deg til neste år, da ^^

Heldigvis for ho, skal ho sleppe å ha dårleg samvit.

Ha ei flott jul, om det ikkje skulle kome noko meir innan den tid!

Sprudlejus

12. oktober 2009
tags: ,
av Øyvind

feelgood

I dag var eg innom Narvesen ein tur. Der kom eg over denne jusen (eller brusen, kjem an på auget som ser) med kullsyre. Det freista ikkje med det fyrste, men eg kjøpte ei likevel. Og eg angra ikkje, for å seie det sånn. Jusen var… georgeous. Også hadde den fin etikett.

Og berre for å ha det oppklart; nei, dette innlegget er ikkje sponsa. Så veit me det.

Tre år

12. oktober 2009
av Øyvind

Bilde 1I dag  -12. oktober 2009 – har eg vore medlem i Juvente i tre år. Det vil seie at eg har vore medlem sidan 12. oktober 2006.

Det har vore tre flotte år. Eg har opplevd masse og eg har lært kanskje enno meir. Båe om meg sjølv, om organisasjonsdrift og andre ting som kan være bra å ha med vidare i livet. Eg har blitt kjent med mange flotte menneske. Eg har vore på tilsamans 23 arrangement i Juvente-regi. Nokon har eg óg vore med å arrangere sjølv. Dessutan har eg vore med på å lage dei fem siste nummera av medlemsbladet MOTIV (det femte er på veg ut no), og eg jobbar no med nummer seks.

Men tre år er ikkje nok.

Eg har framleis mange jern i ilden. Akkurat no jobbar eg med infoarbeid for Experience 2010. Experience 2010 er ACTIVE Europe sin sumarleir som arrangerast i Fredrikstad neste år. Eg gler meg masse, og eg synst du skal kome! Dessutan held eg fram i MOTIV-redaksjonen, i kretsstyret. Og sjølvsagt skal eg drive med lokallag!

Juvente er bra. Og om du ikkje er medlem, kan eg verve deg. Med glede.

Fire nye år!

15. september 2009
av Øyvind

jensstoltenbergNatt til i dag – tysdag – sovna eg med eit smil om munnen. Folket hadde talt, og dei raudgrøne har fått fornya tillit! I år har eg, som tidlegare nemnt, delteke aktivt i valkampen, og difor er det ekstra bra å vinne valet!

Arbeiderpartiet gjorde eit kjempeval, og gjekk fram 2,7 prosentpoeng. SV gjekk ned tilsvarande, og eg må innrømme at eg synst det er synd. Men det viktegaste er at dei raudgrøne kan helde fram. Det er det beste for Noreg! I alle kanalar meldast det om at dette er fyrste gong på 40 år at ei fleirtalsregjering får fornya tillit etter å ha regjert i fire år, og det er på den måten eit historisk val!

Men det er eit punkt eg er veldig skuffa over; valdeltakinga. Berre 75,6 % av alle med stemmerett, nytta stemmeretten sin. Det er synd, for me skal ikkje teke demokratiet for gitt, og eg håper prosentandelen er høgare i 2013, og forsåvidt óg i 2011.

Til slutt vil eg berre seie at eg kjem til å sakne Lars Sponheim. Ikkje fordi eg er noko stor fan av Venstre, men fordi han er ein særs fargerik og livleg person.

Bruk stemmeretten!

10. september 2009
av Øyvind
Hit hadde mi stemme gått, om eg hadde hatt stemmerett.

Hit hadde mi stemme gått, om eg hadde hatt stemmerett.

Måndag er det valdag. Og er du ein av dei mange som har stemmerett – bruk han! Og stem helst Arbeiderpartiet – eller i det minste raudgrønt!

Sjølv har eg ikkje stemmerett, men eg har delteke i valkampen meir enn eg har gjort i tidlegare valkampar. Eg har mellom stått på stand saman med Harstad Arbeidarparti, vore på valkampkickoff (før sjølve valkampen kom i gang, men dog), helst på Jonas Gahr Støre og vore med på å stifte Harstad AUF!

Likevel synst eg valkampen har gått frykteleg raskt. Og eg må berre få seie det; eg elskar valkamp! Det er liv og røre, og folk er engasjert! Det er nesten så eg går inn for val kvart år, men det er kanskje litt urealistisk.

Måndag er det valdag, og då synst eg du skal stemme raudgrønt – då veit du kva du får! Stem for ei ordentleg håndtering av finanskrisa, for ein skule som er like bra og for alle (det skal ikkje handle om personleg økonomi), for fleire hender i helse- og omsorgsyrke, for arbeidsmiljøloven og for arbeid til alle!

Godt val!

Noreg treng ein god, offentleg allmennkringkastar!

16. august 2009
tags: ,
av Øyvind

Framstegspartiet (Frp) vil fjerne NRK-lisensen frå og med 2010 om dei får det som dei vil. Dei vil at NRK i fyrste omgang skal finansierast gjennom statsbudsjettet, før så å privatisere NRK, slik at det vert reklamefinansiert.

Det får, naturleg nok, kringkastingssjef Bjerkaas til å reagere. Han viser til erfaringar frå andre land som har droppa fjernsynslisens til fordel for finansiering gjennom statsbudsjett, og alle erfaringane seier det same; kringkastaren vert nedprioritert! Det er rett og slett ikkje verd det.

Eg har blogga om dette temaet før, og eg har ikkje på nokon måte endra standpunkt. Me treng ein allmennkringkastar som held god kvalitet, noko me får fordi me har eit statseigd mediehus som NRK. Om NRK privatiserast, har me plutseleg ikkje lengre det. Då har me ikkje eit mediehus som har eit tilbud til alle alders- og interessegruppar. Dessutan har dei eit godt nett-tilbod, med nyhende, podkastar, underhaldning og nett-TV, eit stort arkiv med lyd og bilete produsert av NRK.

Eg høyrer ofte folk, især ungdom, seie at dei aldri, aldri, ser på NRK, fordi “det er for gamlingar”. Eg trur ikkje på dei. Det er sikkert dei som ikkje ser på NRK, men sjåartal viser at NRK(1) er Noregs mest populære TV-kanal. Me er kanskje mange eldre i Noreg, men dei utgjer ikkje majoriteta av TV-sjåarane. Dessutan er NRK meir enn berre TV – dei har eit stort tilbod av radiokanalar, og dei har ein klar majoritet av lyttarane også her. Då tenkjer eg fyrst og fremst på NRK P1, men óg P2 og P3 har store lyttargrupper.

NRK leverar kvalitet, og dei har ei økonomisk ramme som gjer at dei har moglegheit til å satse på store produksjonar. Neste år skal NRK stå bak Europas mest sette TV-program, altså Eurovision Song Contest. Det er ikkje gratis, men NRK kan gjere det, rett og slett på grunn av den økonomiske tryggleiken lisenspengane gir.

Om NRK skulle privatiserast, vil dei vere avhengig av reklamekjøparar. Ei sånn omleggjing ville igjen ha ført til at NRK ikkje lenger kunne ha satsa på smale produksjonar, som til dømes Migrapolis, samiske produksjonar og liknande. Dei hadde vore naudt å gått for det trygge, det dei veit trekk mange sjåarar. Målet til NRK skal ikkje vere å ha flest mogleg sjåarar heile tida – det skal vere å produsere kvalitet for alle, gamal som ung!

Eg forstår at det for Frp høyrast ut som ein enkel måte å trekkje stemmar på, men eg trur folk flest er glade i NRK, og glad for det tilbodet NRK har å tilby. Heldigvis er ikkje Høgre einig, og Høgre er óg den einaste aktuelle samarbeidskandidaten i regjering. OM det vert ei borgelig regjering med Frp og Høgre, vil eg berre seie til Høgre; ikkje gå med på ei fjerning av NRK-lisensen!

NRK har óg ei meiningsmåling på sine heimesider, og resultatet er ikkje oppløftande for Frp sin del, for dei som ynskjer å privatisere NRK, er i klart mindretal, med 11 % i skrivande stund:
privNRK

Og om du ynskjer fleire argument mot å privatisere NRK, vonar eg deg å lese Petter sin bloggpost om same tema.

Kontra!

14. august 2009
av Øyvind

Dette er noko eg har tenkt å skrive sidan eg kom heim frå Kontra på måndag; eg har berre ikkje kome så langt. Men frå 3. til 9. august var eg altså i Stavanger, eller rettare sagt Randøy, for å delta på landsmøtet og sumarleiren til Juvente.

Det var ei kjempefin veke med mange kjekke menneske, fine temperaturar (i alle fall for ein nordlending) og masse å gjere. Når eg seier at eg hadde masse å gjere, så er det positivt, altså. I tillegg til å vere delegat nummer 78, skreiv eg for leiravisa Kontrasten og var tekniker i Radio Kontra.

Me var óg ein tur innom Stavanger, på seminaret “Hva er vitsen med å ikke drikke?”, som vart arrangert av DNT, IOGT og Juvente. Der var mellom anna Per Inge Torkelsen og Abid Q. Raja. Det var eit fint seminar som eg er glad eg deltok på!

Eg må få seie takk til komiteen for ei fantastisk veke, og ein spesielt stor takk til Liv, fordi ho er så støttande og positiv og fantastisk. Under legg eg ut nokre bilete, resten kan du sjå her.

Skryt frå politiet

14. august 2009
av Øyvind
Foto: Magnus Knutsen Bjørke, lånt frå Aftenposten.no

Foto: Magnus Knutsen Bjørke, lånt frå Aftenposten.no

I går skreiv Aftenposten.no om Knut Storberget sitt løfte om (minst) 2 200 nye politifolk, om den raudgrøne regjeringa får halde fram i fire nye år, og det er ein fin sak, synst eg.

Men det er ikkje der eg vil ha fokuset. For lengre ned i artikla får Storberget skryt frå – hald deg fast – Arne Johansen! Storberget har vore i hardt vêr dei siste månadane, med hijabsaka og politisaka. Men no får han altså skryt. Johansen seier:

Han har levert mer i denne perioden enn jeg har opplevd at noe annen justisminister har gjort. Rekordopptak på Politihøgskolen, en DNA-reform som det også fulgte penger med, utstyr, nye våpen og ikke minst nye fengselsplasser som nesten har fjernet soningskøen. Også nødnettet fikk penger først når Storberget kom.

Som aktivt medlem i Juvente, kvar Knut Storberget har vore forbundsleiar, og AUF, har eg eit godt auge til Knut. Og då er det ekstra gledeleg for meg når det kjem gode nyhende om han. For han har faktisk levert, det er det inga tvil om. Og no innrømmer til og med Politiets fellesforbund det. Eg har høyrd folk seie at dei ikkje trur Storberget vil halde fram som statsråd, sjølv om dei vinn valet. Det trur – og håpar eg. Han har jobba utruleg hardt, og han har gode resultat å vise til. Han har kanskje kome uheldig ut i enkelte sakar, men han har klart å fiksa det. Eg synst han har gjort ein utruleg god jobb.

Til slutt vil eg, med fare for at dette innlegget vert ein blåkopi av Bjørn Jarle (Sosialdemokraten.no) sitt innlegg, kopiere lista over alt Storberget har utretta i desse fire åra som Justisminister, frå artikla på Aftenposten.no:

  • Tidenes største opptak til Politihøgskolen, og 460 nye sivile stillinger.
  • DNA-reformen gjennomført og finansiert.
  • Styrket politiet med 1,1 milliarder kroner. Ny arbeidstidsavtale til 335 millioner kroner.
  • Soningskøen redusert fra 2700 til nesten null. 398 nye fengselsplasser opprettet. Halden fengsel ferdig neste år.
  • Utdanningstilbud i alle fengsler, bibliotek i 24 fengsler.
  • Soning med elektronisk kontroll, mer bruk av samfunnsstraff, promilleprogram, landsdekkende rusmestringsenheter.
  • Økt opptak ved fengselsutdanningen, utdanner 820 nye fengselsbetjenter
  • Økt bevilgningene til fengslene med 1,5 milliarder.
  • Etablert landsdekkende barnehus i storbyene for å styrke hjelpearbeidet for barn utsatt for overgrep.
  • Finansiert nytt nødnett
  • Doblet maksimumsbeløpet for voldsoffererstatning, fra 20 til 40G.
  • Døgnkontinuerlig tilstedevakt ved alle redningshelikopterbasene. Ny helikopterbase i Florø.
  • Opprettet/inngått avtaler om 276 politiråd i 309 kommuner
  • Ny straffelov med skjerpet straff for drap, grov vold, voldtekt og overgrep mot barn.
  • Norsk tilslutning til Prüm-avtalen
  • Ny lov for å beskytte barn mot seksuelle overgrep på internett, såkalt «grooming».
  • Egne team i politidistriktene mot familievold, flere familievoldskoordinatorer, styrket rettshjelpstilbud til overgrepsofre, gratis støttetelefon til voldtektsofre
  • Ny handlingsplan mot vold i nære relasjoner