NRK høyrar på folket

2008 august 23
by Øyvind

I dag har eg fådd ein kommentar på bloggen min, på eit innlegg eg skreiv for lengje sida, eit innlegg om at NRK har lagt ned det populære laurdagsprogrammet Løvebakken, og kor eg lenkja til underskriftskampanja for å få Løvebakken att på skjermen. Kommentara er frå ein lesar av bloggen min som heiter, eller kallar seg, Kirsti. Kirsti skriv: “Gi oss Løvebakken!” Enkelt og greitt, og ho har sikkert mange med seg der.

Difor tenkte eg at det kunne vere kjekt å seie at Løvebakken kjem tilbake i haust! Og nei, det er ikkje reprisar dei sendar. Det seier i alle fall Dagbladet.no og mannen som var guiden då eg tidlegare i sumar var på omvisning på NRK Marienlyst. Dog, Dagbladet.no skriv at det kjem på lufta 13. september, noko som ikkje stemmer, for då sendast nok Paralympics. Men det kjem, det kjem!

Hurra, hurra, og set av laurdagskveldane til Løvebakken i haust!

Ett Svar leave one →

Trackbacks & Pingbacks

  1. Det beste frå Løvebakken « Petter retter

Skriv et svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS