Forside > Juvente > La Rusfri Diil leve!

La Rusfri Diil leve!

15. september 2008 Kommentér Gå til kommentarer


For nokre dagar sia kom nyhenda om at Helsdirektoratet har antyda at de ikkje kjem til å støtte Rusfri Diil-prosjektet utover dette skuleåret.

Dette har skapt reaksjonar i båe Juvente- og Diil-miljøet. Og ikkje berre små reaksjonar. Brev og e-post er sendt til Helsedirektoratet. Underskriftskampanja (som eg har oppretta) vert skrive under. Grupper på Facebook og Nettby veks og veks og avisar er tipsa om saka.

For me gjer oss ikkje. Og gjer vi oss, skal me gå ned med flagget til topps, og i alle fall kunne seie at me gjorde noko!

Difor vil eg berre henvise deg óg til underskriftskampanja, som eg synst du skal skrive under på:

La Rusfri Diil leve!

Det er ein kjempejobb som vert gjort av alle diilarane no! Me er kjempeflinke, og dette skal me klare!

Categories: Juvente
  1. Ingen kommentarer ennå
  1. 30. juni 2009 at 22:47 | #1