Forside > Juvente, Skule > Litt sjølvkritikk av ein Øyvind på reisefot

Litt sjølvkritikk av ein Øyvind på reisefot

25. september 2008 Kommentér Gå til kommentarer

Hei. No byrjar det å verte ei stund sidan sist eg skreiv på denne bloggen. Siden sist har WordPress oppdatert layouten min, så enkelte bilete og sånt er ikkje heilt som dei skal vere. Beklagar det. Og eg har visst hatt bursdag. 16 år. Plutseleg dobla bussprisen seg over natta. Men sånn er det.

I det siste har det vore uendeleg mykje å gjere. Det er kanskje grunnen til at eg ikkje har skrive her. Videregåande er fett, men hardt. Denne veka har eg hatt ein prøve og to innleveringer å skrive. Neste veke har eg to prøver, såvidt eg veit no. Men det kan fort endre seg.

Men no er eg, som overskrifta seier, på reisefot. Atter ein gong er eg på tur til ei Juventesamling, også denne i Oslo-området. Eg gler meg masse! Så no må eg berre pakke ferdig, for i natt skal eg sove hjå mormor og morfar, så mormor kan køyre meg til flyplassen i morgon. Ha ei fin helg!

Categories: Juvente, Skule
  1. 26. september 2008 at 09:26 | #1

    Kan ikkje seie eg liker det nye layoutet, men KVIFOR LEGG DEI RAMMAR RUNDT ALLE BILETA LIKSOM?!
    Herre. No skal eg blogge, og ref. til deg. Jau.

  1. No trackbacks yet.