God oktober!

2008 oktober 1
by Øyvind

I dag kan me skrive 1. oktober. Noko som vil seie at me startar på ein ny månad. Den tiande månaden. Berre to månader igjen til advent! Det er eigentleg litt sjukt, for eg sysnt eg hadde sumarferie for berre eit par veker sidan. Men det hadde eg altså ikkje.

I dag har MOTIV hadd deadline, noko som vil seie at det ikkje er lengje til det dumpar i postkassa til masse menneske. Eg gler meg kjempemasse til å opne MOTIV! Også gruar eg meg litt, i og med at fleire tusen menneske skal lese det eg har skrive. Men deg går nok greitt, skal du sjå!

No har me fådd “haustferie” her i Harstad. Det vil seie, haustlanghelg, for me har berre to dagar; torsdag og fredag. Men uansett, det er betre enn ingenting! Dei to dagane skal eg kun slappe av. Det vert deilig.

Kos deg i oktobermørkeret!

One Response leave one →
  1. 2008 oktober 1

    Bare to måneder til advent ja. God oktober til deg også. :p

Leave a Reply

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS