Forside > Juvente > Eg har teikna ein bukk

Eg har teikna ein bukk

I dag har eg teikna ein bukk. Ikkje bukk som i dyret bukk, men som i ein sånn bukk:
bukk003
Det er teikninga mi. Med utstyrsliste. I ettertid kom eg på at eg gløymde spiker/stiftar. For å få plata til å sitje fast. Eg teikna til og med i målestokk. Det vil seie; på originalen er det i målestokk. Difor satt eg på mål. Føl deg fri til å byggje ein eiga bukk ut i frå teikninga mi.

Grunnen til at eg har teikna ein bukk, er fordi eg vart litt inspirert av bukken folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålen hadde i Sortland i går (laurdag). Han var fin. Juvente hadde stand ved sida av, kvar eg var. Ein mann trudde me var frå folkeaksjonen. Det var tydeleg at han ikkje var oljemotstandar. Han skreik høgt, og det einaste ordet eg oppfatta var “arbeidsplassar”. Standen gjekk greit, og me samla inn litt penger til FORUT. Eg trur me kunne fått inn meir penger hadde me hatt ei skikkeleg bøsse. Då vert det meir truverdig. Men bøssa kom ikkje fram i tide, så då måtte me klare oss med boksar i stadenfor. Men alt går dit det skal gå! Men grunnen til at eg teikna bukken, er at eg har lyst å ha innsamlingsaksjon for FORUT. Med skikkeleg(e) bøsse(r). Og bukk. På bukken skal det hengje plakat(ar) om FORUT, og kva dei gjer og kven dei er. Det trur eg vert fint.

Det må me få til. FORUT er bra.

Men attende til standen. Thor-Rune hadde kjøpt inn eit partytelt. Det var utruleg praktisk å ha. For då fekk me skugge for sola når ho sto på som verst. Men det var ikkje heilt vatntett, så når reiknet kom, var det ikkje til så veldig stor nytte. Berre litt. Standen vart ikkje så godt besøkt at det gjorde noko, men det kom ein mann og kjøpte pølse i vaffel. Opptil fleire. Han likte dei, han. Også snakka me med ein mann som lovte at han skulle overføre 2000 – to tusen – kroner til Juvente, fordi me var så bra. Han mannen fortener ein applaus. Også fekk me besøk av ein veldig positiv mann, som tidlegare hadde vore i forbundsstyret til NGU. Også verva eg Ingrid.

Og sidan eg fyrst er så godt i gang, kan eg vel like gjerne laste opp nokre bilete:


Orsak for at bileta er så uhorveleg store. Og Bloggurat ville at eg skulle setje inn denne lenkja.

Categories: Juvente
  1. Ingen kommentarer ennå
  1. No trackbacks yet.