AUF wiedersehen

Bussen AUF brukar på turneen sin. Biletet er © AUF.
Laurdag var ein fin dag. Då var eg på informasjonsmøte i AUF – Arbeidaranes Ungdomsfylking, som altså er ungdomspartiet til Arbeidarpartiet. Oppmøtet kunne ha vore betre, men møtet var uansett informativt og fint – sjølv om me deltakarar ikkje sa så mykje. Fyrst ei (Tonje, var det kanskje?) som hadde ei generell innleiing i AUF, etterfølgt av Martin Henriksen som snakka om valkamp. Det var interessant.
Etter møtet spanderte dei pizza på oss. På Peppes pizza, altså. Ikkje Grandiosa. Der snakka me litt om å starte lag i Harstad, og eg og Petter vart visstnok kontaktpersonar for å prøve å få i gang eit. Så om du bur i Harstad, er sosialdemokrat og vil aktivisere deg i AUF – ta kontakt! Det var eit huggeleg selskap. Eg fann óg ut at foreldra til Martin (barndomsheimen, altså) bur nokre få hus unna bestemor og bestefar sitt. Altså der eg budde då eg var liten. Det var jo litt festleg. Især sidan det ikkje er så langt unna der eg bur no – og at eg dermed fekk sitje på AUF-bussen (på biletet) heim. Gratis transport kan ein då ikkje takke nei til.
Og om du ikkje kan tysk, så er tittelen på dette blogginnlegget tysk. Eg hugser enno litt, ser du. Auf wiedersehen betyr altså “på gjensyn”. Så får me håpe det vert gjensyn då, eg er i alle fall veldig for akkurat det. Og ryktane seier at AUF er i debatt på I kveld på NRK2 i dag klokka 22.20.
Siste kommentarar