Forside > Harstad > Gratulerar med fastlandsforbindelse!

Gratulerar med fastlandsforbindelse!

For nokre få dagar sidan kom gladmeldinga til alle som bur på Bjarkøya og Sandsøya – to øyer like utanfor Harstad. Dei får nemlig fastlandsforbindelse, noko dei har jobba med i fleire år, og no endeleg har fått gjennom i fylkestinget. Gratulerar! Det er vel det beste som kunne skjedd for desse øyene, for å oppretthalde folketalet der.

Sidan dei no fbjarkstadår fastlandsforbindelse, er sjansane veldig store for at Harstad og Bjarkøy kommunar slår seg saman, og vert ein “stor-kommune”, som NRK kallar det. Eg veit ikkje om eg vil kalle det ein stor-kommune, då. Vert totalt 23 500 innbyggjarar, altså – 23 000 frå Harstad og 500 frå Bjarkøy. Dog, om ein tenkjer areal, kan ein vel kanskje kalle det ein storkommune, sjølv om det ikkje blir ein valdsamt stor kommune av det heller. Men det vert ein fin kommune – med mykje historie og flott natur!

No kjem namnedebatten. Kva skal kommunen heite? Sjølv ser eg det som naturleg at kommunen heiter Harstad. Fordi Harstad kjem framleis til å vere kommunesenteret i kommunen, og Harstad er veldig innarbeida. Derimot tykkjer eg ikkje me skal gløyme Bjarkøy heller, og personleg synst eg deira kommunevåpen er finare enn Harstad sitt noverande. Difor vil eg at den nye kommunen skal behalde Bjarkøy sitt kommunevåpen, men at me legg på “krona” frå Harstad sitt. Kanskje kan våpenet få same form som Harstad sitt óg. Eg har laga ein liten skisse, som du ser til høgre, dog utan forma til Harstad sitt.

Men eg må berre seie det ein gong til; gratulerar med fastlandsforbindelse – og eg gler meg til kommunesamanslåing!

Categories: Harstad
  1. Ingen kommentarer ennå
  1. No trackbacks yet.