Slutt

I skrivande stund er det ein halv time til 1. juli. Det vil seie at dette har vore den siste dagen Rusfri Diil har eksistert – i alle fall i den forma me kjenner prosjektet. Ryktane går om at sjølve nettsida kjem opp att 15. juli – men berre nettsida, ikkje resten av prosjektet. Det er fint at deler av prosjektet lever vidare, men det vert nok aldri det same.
Rusfri Diil var inngangsporten min til fråholdsrørsla; Juvente – ein organisasjon eg med tida har blitt veldig glad i – og det er den av dei organisasjonane eg er medlem i, som eg er mest aktiv i. Eg håper eg ser mange diilarar i Juvente – og at dei held fram med å vere aktive og synlege fråholdsmenneske, sjølv om Diil er borte, slik som me kjenner det. Vevsida kjem jo kanskje til å halde fram.
Kvifor Diil vert borte, kan du lese her. Me vann altså ikkje kampen, men me gjekk i alle fall ned med flagget til topps, og sto på heilt til slutten.
I morgon dreg eg til Sommerfryd utanfor Finnsnes, kvar eg skal vere med å arrangere Fryd på Sommerfryd (del 2). Fyrste delen var i fjor. Målet i år var å ha dobbelt så mange deltakarar som i fjor – og det har me klart, noko som er veldig, veldig bra! Sommerfryd var utruleg bra i fjor, og eg håper det vert like bra – om ikkje betre – i år.
Siste kommentarar