Forside > Politikk > Fire nye år!

Fire nye år!

15. september 2009 Kommentér Gå til kommentarer

jensstoltenbergNatt til i dag – tysdag – sovna eg med eit smil om munnen. Folket hadde talt, og dei raudgrøne har fått fornya tillit! I år har eg, som tidlegare nemnt, delteke aktivt i valkampen, og difor er det ekstra bra å vinne valet!

Arbeiderpartiet gjorde eit kjempeval, og gjekk fram 2,7 prosentpoeng. SV gjekk ned tilsvarande, og eg må innrømme at eg synst det er synd. Men det viktegaste er at dei raudgrøne kan helde fram. Det er det beste for Noreg! I alle kanalar meldast det om at dette er fyrste gong på 40 år at ei fleirtalsregjering får fornya tillit etter å ha regjert i fire år, og det er på den måten eit historisk val!

Men det er eit punkt eg er veldig skuffa over; valdeltakinga. Berre 75,6 % av alle med stemmerett, nytta stemmeretten sin. Det er synd, for me skal ikkje teke demokratiet for gitt, og eg håper prosentandelen er høgare i 2013, og forsåvidt óg i 2011.

Til slutt vil eg berre seie at eg kjem til å sakne Lars Sponheim. Ikkje fordi eg er noko stor fan av Venstre, men fordi han er ein særs fargerik og livleg person.

Categories: Politikk Merkelapper:, , , ,
  1. Philip
    15. september 2009 at 22:49 | #1

    Hva synes du om at de rød-grønne faktisk ikke har støtte hos folket, og at det var de borgerlige som hadde flertall blant folket, men at Norges valgsystem nok en gang ødela for de?

    • 16. september 2009 at 14:18 | #2

      Personleg er eg tilhengjar av det norske valsystemet. Ikkje fyrst og fremst fordi det sikra raudgrønt fleirtal på Tinget, men fordi det sikrar alle fylkane i å bli representert på Stortinget. Om ein skulle lagt om valsystemet slik at alle stemmar talte likt, ville me fått mange fleire representantar frå fylka med dei store byane med mange innbyggjarar, medan fylke som Finnmark ville fått mange færre representantar. Det noverande valsystemet er det beste for at óg fylka med få innbyggjarar skal bli høyrd.

  1. No trackbacks yet.